VORMA FISKEFORVALTNINGSLAG
FISKEREGLAR FOR VORMAVASSDRAGET.
Vorma Fiskeforvaltningslag forvaltar etter felles retningslinjer fiskerettane tilhøyrande Tytlandsvik og Vormedalen Elveigarlag og har vedteke følgjande reglar f.o.m. sesongen 2026.
Statsforvaltar sine fiskereglar er grunnleggjande med slik pressisering:
- Alle som fiskar må kunne fremlegge gyldig fiskekort og kvittering.
- For døgnkort kan det fiskast 1 laks pr. kort. For sesongkort er det 1 laks pr. dato.
Totalgrense pr fiskar for sesongen er 25kg eller 10 fisk, det er ikkje tillete å overstige nokon av desse grensene. - Dagskvote og totalgrense gjeld for heile vassdraget. Om kvoten er fylt hjå td. Tytlandsvik kan ein IKKJE fiske ny laks hjå andre delar av elveigarlaget på samme dag.
- All fisk over 85 cm skal settast ut.
- Sjøaure er freda.
- All hofisk er freda frå og med 01.08
- Første laks som blir tatt tel på kvoten, C&R er ikkje lov (ihht overnevnte reglar).
- Minstevassføring skal vere på 50 eller meir, er den under 50 er elva stengt for fiske.
Dette blir styrt av forvaltningslaget, følg status på www.tytlandsvik.com om elva er open eller stengd for fiske. Dette kan endres på kort varsel. - Rapportering må skje dagleg, også for dei med sesongkort.
Alle skal rapportera på melding pr døgn det er fiska, sjølv ved nullfangst.
Nytt kort er ikkje gyldig før dette er gjort. - Det skal takast skjellprøvar av ALL fisk.
- Brot på regelverket vil medføre inndragning av kort/bortvisning.
- For å sikre best mogeleg reproduksjon oppfordrar ein til at stor laks som har tatt gytefarge blir satt tilbake til elva.
- Fiskesesongen er sett til 15.06-15.08.
- Det gis ingen rett til refusjon av kjøpt fiskekort, uansett årsak.
Vormedalen
Vorma Fiskeforvaltningslag
Revidert 2026
Forbod i 100-meterssona utanfor vassdrag:
Utanfor vassdrag med bestandar av anadrome laksefisk som er omfatta av vedlegg I eller II i forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag, er alt fiske etter anadrome laksefisk og saltvannsfisk forbodet i område som strekkjer seg 100 meter frå grensa elv-sjø (elvemunning) og ut i sjøen (100-metersona). Les meir HER.
**Det tas forbehold om at det kan forekomme forandringer på fiske og/eller regler undervegs i sesongen. Endringar vil ikkje medføre refusjon